| HISTORIE OG FILOSOFI
Firmaet TeKon AS vart starta i 1998. Opprinneleg utførte TeKon AS hovudsakleg mønstertenester som digitering, konstruksjon og gradering.
Marknadssituasjonen i Norge har forandra seg mykje. Som ein følgje av marknadsbehovet, kan TeKon AS i dag tilby eit vidt spekter av produktutviklings- og koordineringstenester for konfeksjonsindustrien.
Ettersom tekstilindustrien har flytta mykje av produksjonen til lavkostland, er hovudmålet til TeKon AS å behalde og å utvikle profesjonell erfaring og kjennskap innanfor denne industrien i Norge.
TeKon AS vil vere den nødvendige linken mellom norske tekstilbedrifter og utanlandske produsentar. Vi bruker vår konfeksjonskunnskap, kombinert med moderne teknologiar, til å gi kundane våre dei beste råd og tenester innan denne industrien.
Ei anna, men ikkje minst viktig teneste som vi kan tilby er brodering av logoar (sjå broderitenester).
|